Følg:

Julen 2023 på NRK

Desember startar med moro og magi: Vi tel ned til jul med to nye kalendrar for heile familien. Her ser du kva NRK byr på i adventstida og i jula.

Endringer kan forekomme. Se også: De aller nyeste TV-seriene
Julekalendere på NRK julen 2023
Både store og små kan glede seg over nye julekalendrar: 24. stjerners julekalender med Markus Neby og ikkje minst ny sesong av Snøfall, der vi blir kjent med Noah. Foto: NRK

Det blir ny runde med 24-stjerners julekalender med Markus Neby. Den sprø realitykonkurransen var eit av dei mest populære programma i NRK TV i fjor. Også i år stiller ein gjeng med kjente fjes opp for å løyse idiotiske oppgåver med mål om vinne tittelen «årets julestjerne».

Snøfall vart den mest sette julekalenderen nokon gong i NRKs historie i 2016. No skal vi endeleg tilbake til magiske og mystiske Snøfall. Denne gongen blir vi kjent med ti år gamle Noah. Han bur saman med mora, som er sjuk og må leggast inn på sjukehus. Noah har eit eventyr framfor seg. Han reiser til magiske og mystiske Snøfall, kjempar mot skuggar og får nye venner og håpet tilbake.

Julekalender NRK julen 2023
Noah er ti år og har eit veldig viktig juleønske, men tenk om brevet til julenissen ikkje kjem fram? Foto: NRK

Både 24-stjerners julekalender og Snøfall 2 har premiere 1. desember. I tillegg ligg alle andre julekalendrar tilgjengelege i NRK TV frå 1. desember, så alle generasjonar kan finne «sin» kalender.

Lyden av Jul

Julestemning med Live og Ronny NRK julen 2023
Julestemning med Live og Ronny. Foto: NRK

1. desember er også Julestemning med Live og Ronny tilbake. Podkasten var Noregs mest populære i fjor, og i år kan du på nytt få den daglege dosen julestemning av dei to i NRK Radio. I tillegg er to av NRKs radiokanalar no julekanalar: NRK Super Jul og NRK Klassisk. I appen NRK Radio vil det etterkvart komme eit eige juleunivers. 

Dei minste kan blant anna høyre Jul på brannstasjonen i NRK Radio. Den nye historia om brannbamsen Bjørnis er tilgjengeleg i NRK Radio 1. desember.

Dei litt eldre barna kan glede seg over den nye podkastserien Natt i Labyrint. Serien handlar om kva robotane gjer når Daidalos og Daidalosa søv. Høyr serien i NRK Radio frå 14. desember.

Koselege dokumentarar

Folkets konge på NRK julen 2023
I Folkets konge blir vi kjent med kong Harald frå barndommen av og heile vegen fram til den kongen han er i dag. Foto: NRK

Frå 10. desember viser NRK Folkets konge. Serien fortel livshistoria til kong Harald, frå barndommen hans som flyktning i USA under andre verdskrigen og tapet av mora som 17-åring, til livet hans som konge i dag. Den arkivbaserte dokumentarserien inneheld også vanlege nordmenns refleksjonar om kongen, enten dei har møtt han personleg eller ikkje. Folkets konge er ei forteljing om korleis det norske kongehuset har endra seg i takt med samfunnet og korleis kongehuset har forma oss som nasjon.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu på NRK julen 2023
Det stundar mot jul for Frank Vigart Eriksen på fjellgarden Vikabråten. I høgtida får også flokken med dølafe noko ekstra godt å bite i, som eit nysaga juletre. Foto: NRK

Det blir også ein eigen juleepisode frå Vikabråten i Valdres: Marit Eckhoff og Frank Vigart Eriksen satsar alt på eit gamaldags småbruk med ei handfull dølafe, nokre høner og ein fjording. Her blir alt drive med hest og handmakt. For dei to byfolka har dette vore draumen: å leve nærare naturen, saman med dyra, og få oppleve snøvinter med juletrehogst på eigen grunn. Men det nye livet skal ikkje berre bli enkelt. NRK1 viser den nye sesongen frå 22. desember.

Frå søndag 3. desember kan du også følgje Nissejakt, ein dokumentarserie frå Myre i Vesterålen. Jakta på nissen er eit årleg høgdepunkt i den vesle bygda. Bygdefolket må finne den ekte nissen, samtidig som tre lurenissar gjer ugagn for å forvirre. Nissejakt byr på flotte personportrett og mykje humor og varme.

Klassikarane

Kvelden før kvelden på NRK julen 2023
Robert Stoltenberg, Christopher Haatuft og Ingrid Gjessing Linhave tek oss gjennom årets Kvelden før kvelden. Foto: NRK

Enkelte program må liksom til for at det skal bli jul. For nokon er det Grevinnen og Hovmesteren og Kvelden før kvelden, som i år blir leia av Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg. For andre er det kanskje julefilmen Love Actually. Vi lovar å ikkje tøyse med tradisjonane: Det blir «same procedure as every year» i jula:

Dei som vil, kan starte dagen med Disneykavalkaden og Tre nøtter til Askepott den 24. Heile den lange, forventningsfylte formiddagen på julaftan får du selskap av Morten og Mathilde i Julemorgen. Dei lagar julestemning med filmar, seriar, song, leik og flotte gjestar: Kråka og Fantorangen og Selma og Pil frå Snøfall kjem blant anna på besøk.

Julemorgen NRK julen 2023
Morten og Mathilde i Tromsø er vertskap for Julemorgen. Foto: NRK

Før Julemorgen er slutt, skal vi blant anna bli med på Reisen til julestjernen og ikkje minst få gjensyn med Snøbarnas juletime, ein time med kjente, nordiske juleeventyr i flott animasjon. Julemorgen ser du kl. 07.30–1400 på NRK1 og NRK Super.

Romjula vil by på kavalkadar frå året som har gått, og det blir julenøtter som vanleg. No begynner også sjakk å bli ein romjulstradisjon på NRK, og Heidi Rønneid, Ole Rolfsrud og Torstein Bae vil med klokskap, humor og engasjement ta oss gjennom VM i lyn og hurtigsjakk. Meisterskapen startar 26. desember og går fram til 30. desember.

Nyttårsaftan sender NRK som alltid Kongens tale kl. 19.30 på NRK1. I forkant er det Barnas nyttårstale kl. 18.40 og kvensk nyttårstale ca. kl. 17.00.

Filmar og seriar

I jula vil det vere ei rekke seriar og filmar å velje mellom.

The Seed på NRK julen 2023
The Seed er ein internasjonal samproduksjon som allereie har vunne fleire prisar. Norske Ingrid Bolsø Berdal speler ei av hovudrollene. Foto: NRK

Ingrid Bolsø Berdal har hovudrolla som politietterforskar i den nye serien The Seed. Eit rutinemessig søk etter ein miljøaktivist endar med å avsløre ein internasjonal plan for å få kontroll over matforsyningane i verda. Det blir ein kamp der kyniske multinasjonale selskap og maktsjuke politikarar set livet til hundrevis av millionar menneske på spel. The Seed vann både Publikumsprisen og prisen for Årets nyskapning under Golden Nymph Award på TV-festivalen i Monte Carlo i år. Sjå serien frå 25. desember i NRK TV.

Familien Andersson er ein ny, svensk familiekomedie med norske Sven Nordin i ei av rollene. Den handlar om Karin, Rudolf og dei tre barna Anna, Sune og Håkan. Akkurat som alle foreldre prøver Karin og Rudolf å få kvardagslogistikken til å gå opp, men det er berre det at kvardagen sjeldan blir kvardagsleg med denne familien. Sjå serien i NRK TV frå fredag 15. desember.

Det blir gjensyn med juleepisoden av publikumsfavoritten Side om side og Vera. Sistnemnde blir det også nye episodar av, i tillegg til ein julespesial. Denne handlar om ei fallert TV-stjerne som tek livet sitt–i alle fall tilsynelatande–under eit gjensyn med gamle venner. Eller har nokon hjelpt han? Vera avdekker fleire moglege motiv.

Prosjekt Lasarus på NRK julen 2023
I spenningsserien Prosjekt Lasarus møter vi utviklaren George som blir blir dradd inn i ein hemmeleg organisasjon som kan reise i tid. Foto: NRK

5. desember er det duka for premiere på science fiction-serien Prosjekt Lasarus i NRK TV. Serien handlar om ein topphemmeleg organisasjon som har som formål å forhindre massedrap og som kan reise i tid.

Det blir også nye sesongar av Lik meg og Den nye dyrlegen i løpet av desember.

NRK TV vil ha ekstra mange filmar å by på, blant anna den nyskapande animasjonsfilmen Titina. «En filmatisk bragd» skreiv Aftenposten om filmen der Amundsens ferd til Nordpolen blir formidla på originalt vis: nemleg gjennom den vesle foxterrieren Titina.

Er Paddington 2 verdas beste film? Eit raskt Google-søk vil avsløre at ganske mange meiner det. Sjå denne og mange andre filmar i NRK TV.

Nytt for dei minste

Det avskyelige snømonsteret er ein ny animasjonsfilm frå Gruffalo og Zog-skapar Julia Donaldson. Eit snømonster kjem til byen, og alle blir redde bortsett frå Besta. Dette er ei historie om kva familie betyr og om kjærleik og aksept. Tilgjengeleg frå 1. desember.

Fantus er tilbake med ein ny serie for dei aller minste. Saman med leikande barn utforskar Fantus eit nytt univers i serien Fantus musikantus. Med spesialkomponert musikk og effektar tilpassa dei minste, får både leikar og andre kjende gjenstandar liv gjennom animasjon. Dei første fire episodane kjem 20. desember. Det blir også ein julespesial med Fantus og maskinene: Fantus og julegrana frå 15. desember.

Det blir også ein julespesial med Bablo 15. desember.

Musikk

Kva er vel julehøgtida utan musikken? Gjennom desember kan du blant anna få med deg NRKs tradisjonelle julekonsert med Kringkastingsorkestret. I år blir julekonserten spelt inn på Rudi gard i Gudbrandsdalen, med Kim Rysstad som hovudartist og programleiar. Han får også med seg unge lokale talent innan norsk og samisk folkemusikk. Sjå konserten den 22. desember på NRK1.

Musikk i NRK julen 2023
Det er utruleg stas for meg å få komme til Rudi gard saman med sjølvaste Kringkastingsorkestret for å lage årets julekonsert! Eg skal framføre nokre av dei julesongane som betyr mest for meg, og kanskje blir det også nokre litt nye versjonar av kjente og kjære julesongar, fortel Kim Rysstad. Foto: NRK

Du kan også oppleve Kringkastingsorkestret i Jul med Lise Davidsen den 25. desember. Den internasjonale, norske operastjerna har også med seg Solistkoret UNG og Operaens barnekor i Folketeateret.

Konserten Falle til ro kjem etter Kvelden før kvelden 23. desember på NRK1. Då byr Eva Weel Skram på eigne låtar, kjente julesongar og koret Safari i ein stemningsfull julekonsert.

Det blir også Julekonsert med Odd Nordstoga. Med seg har han Det norske kammerorkester, Frida Ånnevik og Mathias Eick den 25. desember på NRK1.

Forkynning og livssyn

Som alltid blir det tru- og livssynsinnhald på radio og TV i desember og i jula. Det blir gjensyn med ein del program også: adventsseriane Advent – hva er jul for deg? og Din sang vil gå frå 1. søndag i advent på NRK2. Gjensyn med Salmeboka minutt for minutt starta sist helg på NRK2 og vil gå laurdag og søndag morgon til og med nyttårshelga.

Dokumentaren Tro kan flytte fjell blir også vist på nytt. Første juledag viser NRK1 dokumentaren om dei gresk-ortodokse nonnene som kjem til den vesle bygda Valldal på Sunnmøre. Dei skal bygge eit majestetisk kloster ytst på ei utilgjengeleg fjellhylle til ære for Olav den heilage. Det dristige prosjektet splittar bygda.

Advent vil markerast i gudstenestene på NRK frå 3. desember, 1. søndag i advent. Då er det adventsgudsteneste frå Arna kyrkje i Bergen kl. 11. Gudstenesta går direkte på NRK P1+ og på NRK1.

10. desember, 2. søndag i advent blir det Stjernedryss i advent frå Filadelfiakirken Drammen kl. 11.00 direkte på P1+ og NRK2.

17. desember, 3. søndag i advent: Adventsgudsteneste frå Ulstein kyrkje i Ulsteinvik kl. 11.00. Den vil gå direkte på P1+ og på TV.

På julaftan blir det julegudsteneste frå Nidarosdomen kl. 16.00 direkte på NRK P1, NRK P1+ og NRK1 og Kim alle klokker på P1+ kl. 17.03. Det også midnattsmesse frå Roma på NRK2. (Tro, håp og Lillesæter på NRK P1 går ut julaftan)

Første juledag vil det vere Høgtidsmesse frå Nidarosdomen kl. 11.00 direkte på NRK P1+ og NRK1.

2. juledag er det døvegudsteneste på NRK2 kl. 11.00. NRK P1+ kl. 11.03 byr på Avstand og nærleik –konsert med Solveig Leithaug, eit opptak frå Knarvik kyrkje frå 2020.

Nyttårsaftan er det radiogudsteneste frå Ris kyrkje i Oslo kl. 11.00 på P1+. Dette er ei direktesending.

Første nyttårsdag blir det gjenhøyr med gospelkonserten In memory of Elvis frå Bragernes kyrkje i Drammen med artistane Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk på P1+ kl. 11.03.

Tro, håp og Lillesæter på NRK P1 vil ha endra sendetid i desember. Programmet blir flytta frå kl. 21 til 22.03. Salmer til alle tider på P1+ kl. 20.03 går kvar søndag, også på julaftan. 1. juledag er det ei ekstrautgåve av Salmer til alle tider på P1+ kl. 18.03. Fredag 29. desember kan vi få ei påminning om kvifor jul er ein tradisjon her til lands: Då held Are Sende Osens standup-showet Kongerekka på NRK1. Der tek han for seg alle dei 67 norske kongane dei siste 1200 åra på 90 minutt. Mange av kongane har til felles at dei kjempa for å kristne Noreg. I tillegg var dei overhovud for kyrkja.

Annonser
Din nye favoritt-app! Radio-app
Radiomannen App Radiomannen
Hør de Norske radiokanalene og podcastene direkte på mobilen! Last ned gratis Last ned gratis Gratis app fra Radiomannen.no

Nye filmer på kino april 2024

Disse filmene kan du se på kino i Norge i april 2024. Trailere.

Nyheter på Prime Video Norge, april 2024

Dette er de nye seriene og filmene du kan strømme på Prime Video i april

Nyheter på Netflix i Norge, april 2024

Dette er de nye filmene og seriene som kommer på Netflix i Norge april 2024. Trailere.

Nyheter på HBO Max, april 2024

Dette er de nye seriene og filmene som kommer på HBO Max i Norge april 2024. Trailere.

The Penguin med Colin Farrell

Den nye serien fra DC følger Oz Cobb og kommer til Norge høsten 2024

House of the Dragon sesong 2

Game of Thrones -oppfølgeren HOUSE OF THE DRAGON sesong 2 med premiere i 2024.

Storfilmen «Blücher» filmes på Oscarsborg

Blücher går i opptak 9. april 2024

The Tattooist of Auschwitz

TV-serie i seks deler med Harvey Keitel basert på historien om Lali Sokolov, kommer til Norge i juni.

NRK påsken 2024: Kjendislek og påskekrim

NRK byr på krimserier, påskelabyrint, påskenøtter, og splitter nytt program med Markus Neby: Påskekrimlekene.